user_mobilelogo

Nyheter

 

Nyhetsarkiv

Bli medlem

Selv om vi allerede i dag synes vi er godt i gang med vårt viktige arbeid, så trenger vi mange flere medlemmer for å bli en livskraftig forening.

Bli medlem nå!

Minnegaver

Lungekreftforeningen får ofte minnegaver ved at avdøde eller etterlatte ønsker at det skal gis penger til arbeidet vår forening driver. Gavene Lungekreftforeningen mottar, vil gå til å støtte forskning på lungekreft.

Minnegavekonto: 1202.31.61298. Merk innbetalingen med avdødes navn.

IBAN: NO3212023161298
SWIFT: DNBANOKKXXX

Lungekreftforeningen heldt 8. og 9. oktober kurs for pårørande – eller nærståande, som vi ofte utvidar omgrepet til. Det vart ei utbyterik og sterk helg for deltakarane. Heidi Wallevik frå Bergen tilrår fleire nærståande å verta med på slike tilbod.

Tekst og foto: Kjell Arnestad

Fleirtalet av medlemene i foreininga vår er pårørande. Det kjem kanskje av at det er nett dei som har mest overskot til å stø opp om arbeidet for pasientane. Men det er òg dei som har trong til å søkja støtte hjå andre pårørande som har opplevd det same. Lungekreft råkar ikkje berre den enkelte, men heile familien og heile omgangskrinsen.

Derfor meiner vi det er viktig å ha eit godt tilbod til pårørande, både når det gjeld kurs og det sosiale samværet som er så avgjerande for å kome seg gjennom det som i røynda er ein sorgprosess.

Røynslene frå tidlegare kurs har vist at slike kurs eller seminar vert best om det berre er pårørande til stades. Då kan ein tora å snakka om kjensler og tankar utan fare for å støyta eller påføra skuldkjensle.

6_paar_heidi_wallevik2.jpg
Vi har snakka med Heidi Wallevik frå Bergen, ein av deltakarane på samlinga i Oslo. Ho er frilansar og arbeider til dagleg som tekstar for NRK. Ho har heimekontor, og det har vore svært praktisk etter at mannen blei sjuk. Det har gjort kvardagen enklare for begge. Elles driv ho med korsong, er svært interessert i litteratur, og kallar seg sjølv kulturkjerring.

– Kva forventingar hadde du til seminaret, og kva trong du mest å prata om, Heidi?

– Eg hadde ganske store forventningar, og hadde gledd meg til å få snakke med andre i same situasjon. Utveksle erfaringar, dele frustrasjonar, høyre om andre hadde heilt andre erfaringar, kanskje få nokre tips og råd. Derfor var det veldig synd at det var så få som kom, og at dei andre var i ein litt annan situasjon enn eg. Mannen min er kreftfri, men slit med seinskader etter operasjonen, og vil sannsynlegvis aldri kome tilbake i jobb att. Eg hadde behov for å snakke om korleis ein taklar det å ha ein langtidssjuk person i heimen, og kanskje få bekrefta at måten eg har takla det på, er heilt grei. Det er jo det ein går og lurer på. Gjer eg noko feil, korleis skal eg halde motet oppe? Eg er i utgangspunktet ein svært optimistisk og positiv person som trur at det går an å løyse dei fleste ting – ein kan i alle fall ikkje gi seg før ein har prøvt det meste. Men når livssituasjonen brått blir ein annan, kan ein bli nokså sliten av å heile tida vere den som må «dra lasset», som føler ansvar for at ting blir gjort og prøver å tenke framover og planlegge. Slike ting hadde det vore veldig kjekt å få snakke med andre om, folk som er i same situasjon og forstår kva ein snakkar om. Venner og familie er dessverre ikkje alltid dei rette å snakke med, for eg har inntrykk av at dei eigentleg vil høyre at ting går betre enn dei faktisk gjer.

– Sjølv om vi veit at trongen til å snakka med nokon i same situasjon er stor, var det få som melde seg på. Kva trur du det skuldast?

–Det var få som melde seg på, og så melde mange av dei seg av att rett før kursstart. Det kan sikkert ha mange årsaker; at den sjuke i heimen er blitt sjukare, at ein sjølv er blitt sjuk, eller at folk rett og slett ikkje orkar det å møte andre i same situasjon. Eg tenkte på det før eg reiste – korleis blir dette? Tenk om eg bryt saman på kurset? Men eg kom fram til at skulle eg først bryte saman, var det kanskje den beste plassen å gjere det på, for der var det folk som kom til å forstå det. Eg trur kanskje styret i Lungekreftforeningen må diskutere korleis de skal gjere det framover. Det er dumt å bruke pengar på flybillettar og hotellrom til folk som melder avbod i siste liten. Kanskje ein eigenandel hadde vore tingen? Eller at vi betaler reisa sjølv? Det finst jo forsikringar som dekker slikt. Men uansett vil eg anbefale pårørande å melde seg på slike samlingar – eg meiner det er veldig nyttig, og ikkje minst triveleg sosialt å treffe nye folk.

– Ein nemnde at òg pårørande må tora å tenkja på seg sjølv av og til sjølv om kjære vert råka av lungekreft. Ein skal stilla opp for den som er sjuk, og då må ein sjølv ha overskot til å gjera det. Kva tenkjer du om det?

– Eg trur at det er veldig viktig å ta vare på seg sjølv i ein slik situasjon. Dersom ein skal orke det daglege strevet, og det at livssituasjonen brått blir endra, må ein ta seg tid til å gjere kjekke ting på eiga hand. Treffe venner, dra på turar, ta opp att faste hobbyar eller kva det no er ein liker å halde på med. Sjølv syng eg i kor, og eg prøvde å stille på øvingar sjølv da mannen min låg på sjukehuset. Det er viktig å kople heilt av, få tankane vekk ei stund. Eg hadde nokre reiser i samband med jobb rett etter at mannen min kom heim frå sjukehuset. Han var ganske hjelpelaus den første tida, så eg allierte meg med kameratar som kom og hjelpte til nokre dagar med matlaging, handling og slike ting så eg kunne dra av garde utan altfor sterk skyldkjensle og dårleg samvit. Det var viktig for meg å dra, og det var viktig for mannen min at eg reiste. Hadde eg ikkje reist, ville han fått dårleg samvit. Så eg trur det er viktig å prioritere seg sjølv av og til – dei fleste gjer nok meir enn nok for den sjuke, ikkje for lite. Og når ein har vore borte ei helg, kjem ein heim att med ny energi og godt humør, og det er eit pluss for begge partar.

To pårørande-representantar i styret organiserte seminaret; Oddvar Bakke (som du kan lesa eit eige intervju med i dette nummeret av Pust) og Ragnar Deniel Ihlen. Sjølv om dei hadde ønskt seg fleire deltakarar, var dei godt nøgde med gjennomføringa, ikkje minst av di deltakarane gav av seg sjølv og sørgde for å dele røynslene sine.6_paar_oddvar_og_ragnar.jpg

Innleiaren frå Kreftlinja måtte diverre melda fråfall på laurdagen, men dimed fekk deltakarane betre tid til «den gode samtala». Det var noko av tanken bak programmet, at det skulle vera styrd av deltakarane sjølv og ikkje fullt av innleiingar. Laurdag kom sjukehusprest i Skien Terje Tallseth Gundersen for å snakka om plutselege endringar i livet og kva det gjer med oss. Òg då var det sett av god tid.

Oddvar og Ragnar kunne innkassera gode tilbakemeldingar etter programslutt på laurdag. Kva sitt du att med etter seminaret, Heidi?

– Som sagt synest eg det var synd at vi blei så få, men samtidig gjorde jo det at det blei meir tid for oss som var der til å prate. Og eg blei kjend med ei triveleg dame frå Bergen. Det viste seg at vi hadde fleire felles kjende, så vi kjem nok til å treffast att. Seminardelen på laurdagen med sjukehusprest Terje Tallseth Gundersen var veldig interessant og lærerik. Eg var litt skeptisk på førehand, for eg er sjølv humanetikar. Men han viste seg å vere ein utruleg fin mann som sette ord på mange ting som det kan vere vanskeleg å prate om. Han hadde også teoretisk belegg for det han snakka om, det var ikkje berre synsing. Det meiner eg er veldig viktig. Det er så lett å meine både det eine og det andre utan å ha belegg for det. Han var også veldig flink til å dra med folk, til å få oss til å kome fram med ting. Den seansen var faktisk verdt heile turen for meg. Og eg ser fram til neste pårørandesamling og håper at det da kjem mange fleire. Ein har godt av det.

Intervjuet er frå Pust 3/2016

Kontakt oss

Telefon: 934 70 121

Adresse: Rosenkrantz' gate 7 • 0159 OSLO

E-post: post@lungekreftforeningen.no

Kreftlinjen

Telefon: 800 57 338 eller 800 KREFT

E-post: kreftlinjen@kreftforeningen.no

Åpent hverdager